Søk i denne bloggen

onsdag 21. august 2013

18. august - Sydney til Blue Mountains

 
Vi stod opp tidleg for å ha god tid til bussen som skulle ta oss til bilutleigefirmaet. Vår gode venn Ai-Ling fulgte etter oss overalt og ville ikkje gå frå oss før skulle forlate hotellet. Ho var veldig søt og ville gjerne ha bilete i lag med oss, og etter all trening vi har som superstjerner for asiatarar var ikkje det noko problem.

Før vi reiste fann vi nokre adresser på nettet slik at vi hadde ei viss peiling på kvar vi skulle.

På bussen sa vi berre kor vi skulle av, så ordna bussjåføren resten for oss! Like hyggelig han som alle andre australiarar vi har møtt så langt. Vel framme ved utleigeplassen fekk vi ein gjennomgang av bilen og la i veg mot Blue Mountains.

Det tok litt tid å bli vandt til å ha rattet på høgre side og ligge til venstre på vegen. Men det gjekk heldigvis bra! Veronica var kartleser og GPS-sjef, medan eg (Ane) var sjåfør.

Etter mange timar bak rattet og mykje feilkjøring kom vi omsider til Wentworth Falls. Dette er ein foss med fin utsikt rundt. Det var vegar og trapper i alle retningar, men vi fann til slutt ein plass å gå. Vi møtte på tre australiarar som anbefalte oss å reise til "Three sisters" i Katoomba og sjå på solnedgangen der. "Three sisters" er tre små fjell på rad. Veronica hadde sett det på bilete, men huska ikkje kva det heitte.

Vi kasta oss rundt og satte kursen mot Katoomba. Her rakk vi solnedgangen. Vakkert! Vi bestemte oss for å overnatte her og etter middag la vi oss i camperbilen vår og trudde vi skulle få sove.
   Etter nokre timar bles det så mykje at Veronica ikkje fekk søve og eg var redd for at bilen skulle velte. Så då satt eg meg ved rattet og køyrte inn i ei gate i eit byggefelt. Her tilbrakte vi resten av natta.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar