Søk i denne bloggen

fredag 19. juli 2013

13.juli del 2

Dag 2 i Nairobi - del 2!

Etter at leiren var rigga og lunsjen fortært lasta oss inn i trucken for å køyre safari rundt Lake Nakuru. På safarien fekk vi sjå bavian, giraff, sebra, nasehorn, flamingo, bøffel, gaselle, andre type antilope, forskjellige aper og fuglar.

Noko vi ikkje visste frå før er at antilope berre er ein samlebetegnelse på dei forskjellige "hjortedyra". Det er med andre ord ikkje ein type antilope, men veldig mange.

På den eine plassen vi stoppa for dopause og utsikt hende det noko morosamt. Det var mange bavianar der, og plutseleg kom ein av dei inn i bussen. Det var berre to stk att i bussen, men eg trur dei fekk seg eit sjokk. Bavianen stal bananane våre før han sprang ut igjen.

På det eine biletet kan dokke sjå ein bavian med munnen full av banan.

Veronica & Ane

13.juli

Jambo!

Fortsetter med bilete og tekst frå dag 2 i Nairobi.

Vi starta tidleg med frokost kl 0600. Så var det informasjon om safarien før avreise kl 0730.

Reisefølget vårt bestod av 20 kjekke menneske, der fire var norske, to danske, ti britiske og fire canadiske. I tillegg hadde vi ein sjåfør, Joel, og ein guide, Masivu. Vi reiste med ein buss, som ikkje var ein buss men ein truck. Den heitte Pomba.

Vegane i Kenya er ikkje spesielt gode. Spesielt ikkje der vi køyrde. Det var veldig humpete og vi fekk gratis afrikansk masasje som dei kalte det. Vi blei raskt vandt med humpinga, som eigentleg var ganske søvndyssande.

Etter fire timar køyring var vi framme ved Nakuru. Her skulle vi slå leir for dagen og natta. Vi skulle bu i tomannstelt, noko som var veldig greit. Alle deltakarane hadde i tillegg kvar sine dagar som oppvaskhjelp, kjøkkenhjelp, pakkehjelp og rydding av trucken/leirområdet osv. Vi laga altså all maten vår sjølv.

Det var utedo og utedusj med kaldt vatn. Så sanitærforholda var og greie. Likevel venta vi ein dag med å dusje med håp om varmt vatn ved neste leirplass.

Etter lunsj reiste vi ut på safari, det kjem i neste innlegg!

Veronica & Ane

12.juli

Hallo alle sammen!

Her kjem en update frå dag 1 i Nairobi.

Oss landa ca kl 0230, lokal tid. Dvs at oss e en time framom Norge. Oss fekk søve ett par tima før oss måtte stå opp og møte "sjefen", en som kunne gi oss litt informasjon om dagen og safarien oss skulle på.

Han foreslo at oss skulle reise til en plass dei tok vare på babygiraffa og en plass dei passa på babyelefanta. Dissa dyra hadde ikkje foreldre og blei sendt ut i villmarka når dei kunne ta vare på sej sjøl.

Oss fekk mate dei og ej (Ane) fekk kysse en!

So va oss på et kulturelt show der dei viste fram forskjellige stammedansa og musikk. Veldig bra show!

Til slutt åt oss middag på en restaurant som heite Carnavar. Der fekk oss servert alt mulig slags kjøtt. Nokke ta det meir spesielle oss prøvde va krokodille, struts og australsk biff.

Fleire oppdateringa kjøm i løpet av dagen, visst internetten e med oss.

Ane & Veronica

Klar for reise!

fredag 12. juli 2013

Nairobi

Hei!

Det er for dårleg internett, så vi får ikkje legge inn bilete:(

Kort fortalt har vi vore å klappa giraffar i dag, og Ane har til og med kyssa ein!! Så har vi sett elefantar og klappa dei.
Vi har også vore å sett på kulturell dans med sang, som var heilt fantstisk!

vi dov 3 timar forrige natt, så no legg vi oss. I morgon er det opp 0700 for å fare på safari. då blir det ikkjr blogging på ei vike.

dårleg skriving pga dårleg tid.

vi har det tipptoppø

blir glad for kommentarar;)

onsdag 10. juli 2013

woopwoop

Hei og Hopp!


No sit vi leiligheta til Ane og Geir Rune(kjærasten til Ane). Eg kom til dekka bord med lasagne, salat og kvitlauksbaguettar. Ikkje noko tull her i gården!

Ellers har vi pakka om dei stappfulle sekkane våra og gått litt fram og tilbake! Vegde sekken min utan lillsekken tidlegare i dag, og den vog 15kg!!

Må legge til at Geir Rune har diska opp med smågodt, melon, brownies og alkoholfri strawberry daquiry siste kvelden vår heime på ei stund;)

Vi reiser i morgon, 11.juli 1220 frå Gardermoen, mellomlandar i Istanbul, og skal vere framme i Nairobi(Kenya) 0225 på natta!

I dag blei det ingen bilete sidan nettet er for treigt!

lørdag 18. mai 2013

17. mai


FOR EIN FIN 17.MAI !!!

Eg inviterte mine beste venninder til Champagnefrukost/17.mai-frukost, men på grunn av eksamenstid var det fleire som ikkje kunne kome. Men eg, Frode, Ane og Sigrid kosa oss likevel :)
Sigrid hadde med spekemat og Ane hadde laga oreokake :)


Dette er ofte den einaste dagen i året eg får brukt bunaden om det ikkje er konfirmasjonar, så då er det veldig viktig å få bruke den. Men mamma og pappa er i Tyrkia, og bunadssølvet mitt var i safen... IIIIiiiik....Der kom ikkje eg meg inn.
Eg kom heldigvis på at Ane skulle ha på seg militær-uniform for ho skulle halde tale, og heldigvis fekk eg låne bunadssølvet hennar! Takk til Ane!


Kake og rosèvin til frukost ;)


Vi hang oss på toget frå vegen, der vi møtte Solveig og Karoline :)

Bilete til venstre er tatt i toget, mens bilete til høgre er vi inne på Kvileheimen.
Karoline, meg, Sigrid, Solveig, Torbjørn og Eli.

 På skulen var det leikar inspirert av vinn på minuttet.
Vi klarte alt utanom då Sigrid skulle kaste papirfly i ei bøtte ;) hihi..

 
Sigrid, Eli og Even
Her sit vi inne for å sjå årets 17.mai program.

Meg og Frode :)

Her fekk eg så vidt knipsa av nokon av bilane som for forbi under 17.mai cruisinga :)

lørdag 13. april 2013

Geiranger


Vakre Geiranger tatt i frå Ørne-svingen.


 I dag har eg, søste, Laurel og Harald vore på dagstur til Geiranger.
Laurel er ei kunstnarvenninde av søste frå USA som er på besøk og Harald er ein kunstnarven av søste.
Det var for Laurel skulle få sjå norsk natur og ekte fjordar :)

Laurel, Harald og søste

Meg

Meg og søste
 

Vi leitte litt etter ein plass å ete mat, men det meste opnar ikkje før mai (turistsesongen).
Men heldigvis fann vi PostBrasserie som var superkoseleg og hadde god mat. Vi satt ute og åt mens sola varma oss godt. Dei fine nausta var utsikta vår.


Så fint vêr i dag!!


Eit utsnitt av uteplassen til restauranten.


Når vi kom heim stod dette på bordet. Hummer, kreps og reker. NAM!
 Det smakte nydeleg!


Og dette var dagens fine avsluttning :)

søndag 7. april 2013

Grevinnen går igjen - igjen

 Hanna og Sofie


Grevinnen går igjen - igjen av Knud Erik Meyer Ibsen var påskestykket på Framtun i år.
Eg var så heldig å bli spurt om å gjere hår på desse framsyningane. Premiere og reprise, godt med folk på begge to.
Utruleg dyktige skodespelarar og veldig kjekt å få vere med bak scena :)

Eg seiar berre at bileta får tale for seg sjølve:
(trykk på dei for å få sjå dei større)