Søk i denne bloggen

søndag 1. september 2013

30. august - Nanuya Lailai, Fiji

Vi blei vekka klokka 0600 av mannen i huset, slik at vi skulle få sjå soloppgangen.

Etter frokost tok vi båt til desse holene i fjellet. Der snorkla eg (Ane) og Bonnie. Vi fekk og gå gjennom ei smal sprekke i fjellet, inn i ei ny hole. Der var det heilt mørkt. Ein kjem seg berre inn i denne hola når det er lavt vatn, eller fjøre om du vil.

Vell tilbake på resorten pakka vi sekken, åt lunsj og satte kursen mot den gule båten som skulle ta oss til fastlandet igjen.

På hotellet blei vi igjen innlosjert på 40manns-rom. Der tok vi ein varm dusj (digg!!!), før vi åt middag saman med Bonnie og Chad, samt Venera frå Noreg.

I morgon starter den 40 timers lange reisa heim! Juhu!

Veronica & Ane

29. august - Nanuya Lailai, Fiji

Planen var å ta ein båt til nokre holer i fjellet som vi kunne snorkle i. Ved frukosten fekk vi vite at den var utsatt til dagen etter.

Bonnie og Chad reiste da for å snorkle ved skilpaddeøya. Like ved skilpaddeøya er det ei øy der kjendisar ofte ferierar. Britney Spears var for eksempel der for to år sidan. Filmen "Blue Lagoon" blei og filma i området.

Eg og Veronica nytta anledninga til å sole oss. Vi møtte eit pensjonert par frå Nederland som hadde seila frå Nederland. Dei hadde brukt tre år på turen, men satte av og til igjen båten i ei havn for å reise heim til familie og venar i eit par månadar. Høyrtest veldig spanande ut!

Vi besøkte "Tea-house" i dag og. Ho hadde sagt at ho skulle bake sjokoladekake, så dei to sjokomanane (Chad og Veronica) blei skuffa då ho berre hadde banankake i dag og. Etter at banankaka var fortært tok eg, Veronica og Bonnie turen til andre sida av øya.

Der såg vi på solnedgangen. Vi hadde gått over fjellet til, så vi fulgte stranda tilbake. Vi rakk det akkurat før det blei mørkt!

Etter middag blei vi setande å prate ei god stund før eg leitte fram kortstokken og vi lærte dei to amerikanarane "vri åtter". Chad var ein meget dårlig taper, så vi måtte spele nokre omgongar slik at han fekk vinne ein gong.

I morgon er det tilbake til fastlandet!

Veronica & Ane

28. august - Nanuya Lailai, Fiji

Det blei langbord til frokost i dag og. Veldig kjekt.

Vi slappa av i hengekøya medan vi venta på båten til Nanuya Lailai og Gold Coast Resort.

Vell framme blei vi her, som dei andre to plassane henta i ein liten trebåt og køyrt til resorten. Denne øya var så langt nord som selskapet Yasawa Flyers gjekk. Mannen i huset på denne resorten fortalte oss ei historie om  at haiar har veldig god hukommelse.

Det var nokre gutar frå Fiji som hadde vore å dykka. Ein av dei prøvde å drepe ein hai, men greidde det ikkje. Ei god stund seinare var denne guten ute å dykka igjen med ein gjeng gutar. Plutseleg kom den haien han hadde prøvd å ta livet av. Haien angreip kun den eine guten og lot resten i fred! Slik som elefantane vi høyrte om i Afrika.

Derfor måtte vi berre la haien vere i fred om vi møtte på ein når vi var ute å snorkla eller svømte... Ja, kva ellers liksom?

Vi tilbringa dagen saman med Bonnie og Chad. Nils frå Sveits var og med oss. Vi åt banankake og drakk varm sjokolade på eit "Tea-house" på øya.  Ein slags kafé. (På eine bilete ser dykk Veronica og hennar nye ven.) I tillegg laga vi smykker av skjell vi fann på stranda. Dei blei ganske stilige!

Under middagen såg vi nokre mus som sprang langs veggen og inn i eit hol i veggen. Når eg (Ane) skulle legge meg høyrte eg noko som kravla i puta mi! Det viste seg å vere min eigen øyresus... har visst blitt litt paranoid.

Veronica & Ane

27. august - Naviti, Fiji

I dag skulle vi snorkle med manta rays (djevelrokke på norsk). Frå wikipedia.no

"Djevelrokker (Mobulinae) er ein bruskfiskunderfamilie i familien ørneskater (Myliobatidae). Dei er store, pelagiske fisker. Gruppa omfattar 17 artar, bl.a. de største av alle skater. Dei lev av plankton som blir vifta inn i munnen av ein horn- eller finnelignande utvekst på kvar side av munnen. Djevelrokker er utbreidt i varmare hav.

Den største arten er djevelskate (Manta birostris). Breidda mellom «vingespissane» kan bli over 7 m og vekta over 3 tonn."

Dei vi snorkla med var opp mot 3 meter breie. Veldig imponerande dyr!

Etter litt meir soling, lunsj, avslapping i hengekøyene og prating med alle andre gjekk vi ein tur til ei strand på andre sida av øya. Stranda heitte Honeymoon-beach.

Vi laga langbord til middag sidan det var siste dagen til samtlig som var der. Så var det tid for bula-dans og leikar etter på. Eg (Ane) vann faktisk den eine leiken saman med Natalee frå England.

Musikkanlegget sa plutseleg takk for seg, såda trakk vi ned på stranda for å tenne bål. Vi blei setande der å prate om laust og fast ei lita stund.

Veronica & Ane

lørdag 31. august 2013

26. august - Naviti, Fiji

Neste øy på reisa var øya Naviti som er mykje lengre nord enn Waya Lailai. Her skulle vi bu på White Sandy Beach resort.

Når vi kom fram dit arrangerte dei leikar for oss. Blant anna tautrekking mellom dei innfødte og oss turistane. Vi vann!! På denne resorten var vi ganske mange, til og med fem norske som studerte i New Zealand. Rart å kunne snakke norsk igjen!

Vi skulle få smake ferske kokosnøtter. Måten dei plukka kokosnøttene på var at dei sendte ein av gutane i staben opp i palma. Han klatra da opp utan sikring og hjelpemiddel. Etter å ha kasta ned mange kokosnøtter snudde han seg opp ned og klatra ned att med hovudet først! Som ei firfirsle. Sjukt kult!

Resten av dagen slappa vi av litt på stranda før vi gjekk ein tur for å sjå på solnedgangen. Nesten like vakkert som heime! Hehe.

Etter middag underhaldt staben frå hotellet med fijisk sang og dans. Vi fekk og lære ein dans. Deretter hadde vi fleire danseleikar, noko som var veldig gøy.

Vi avslutta dagen med bål på stranda.

Veronica & Ane