Søk i denne bloggen

torsdag 22. august 2013

21. august - del 1 - Byron Bay og Surfer's paradise


I dag stod vi opp klokka 06:00. Vi hadde nemleg ei avtale klokka 07:00. Vi kom oss på vegen og var klare til dyst til rett tid. Det var litt venting før vi kom i gang, men det gjorde ingenting for no skulle vi hoppe i fallskjerm!!!

Det var ganske kaldt denne morgonen, så vi fekk låne bukse og genser av arrangøren. Vi fekk på oss utstyret, øvde i ca 1 minutt på korleis vi skulle hoppe ut av flyet og lande, så bar det avstad. Mannen som skulle hoppe med meg (Ane) hadde jobba i Voss i Noreg. Han hoppa mellom 3 til 16 hopp på ein dag og hadde over 7000 vellykka hopp bak seg. Veronica sin mann hadde også jobba i Voss, og rundt heile verda med fallskjermhopping i 28 år.

Turen opp til 15 000 fot tok ca 20 minutt og vi kunne sjå at verda der nede blei mindre og mindre. Så var vi høgt nok oppe og dei åpna døra. Det var ca -8°C ute. Etterkvart som folk hoppa ut kom dei eit "svusj", det haurest mykje meir voldsomt ut enn det var.

Eg hoppa ut nestsist og Veronica kom like etter. Det er ein veldig merkeleg følelse å dette ned mot jorda på denne måten! Utsikta var fantastisk og det var faktisk ikkje skummelt i det heile tatt. Når fallskjermen blei dratt ut var det som å henge i lause lufta og sveve over verda. Vi fekk prøve å styre litt også. Kult!

Når vi landa var vi høge på adrenalin, men etter å ha fått bileta av oss sjøl satte vi oss i bilen og køyrte mot Brisbane. På vegen stoppa vi i Surfer's paradise som er ein by ca 45 min utanfor Brisbane. Vakre strender, varme og surfarar. Det var mykje vegarbeid i byen, så det var litt vanskeleg å manøvrere seg fram. Men vi greidde det!

Veronica & Ane

onsdag 21. august 2013

20. august - Tamworth til Byron Bay

(Første bilete er frå i går kveld)

I dag hadde vi planar om å køyre til Byron Bay. I følge GPS'en, Tim, skulle det ta 6-7 timar. Vi kom oss avgårde rundt 07:30 og var fornøgde med det.

Ca halvvegs begynte lampa på bensinmålaren å lyse. Sidan vi befann oss midt ute i ei eller anna villmark vart vi litt stressa. Vegane var humpete, svingete og smale og det var svært få bilar både møtande og bak oss. Både eg og Veronica satt og planlagte kva vi skulle gjere dersom tanken gjekk tom, men vi sa ingenting høgt til kvarandre. Viktig å halde motet oppe ;) gleda var derfor stor når vi kom til ein liten landsby med bensinstasjon!

Rundt klokka 15:30 var vi framme i Byron Bay. Der parkerte vi på stranda og såg på utsikta. Plutseleg kom ein mann bort til oss, han var veldig hyggelig og prata i eit sett. Etter litt prat om laust og fast spurte han om vi var gravide og om vi ville bli med til byen Nimbin og kjøpe weed. Det var visst mykje bra greier der. Sidan vi ikkje var gravide, var det ingen grunn til å ikkje prøve meinte han. Vi takka fint nei, og sjølv om han ikkje heilt skjønte kvifor så var det greit nok. Han blei ubehagelig pågåande etter ei stund, så vi gjekk for å ete mat.

Der vi skulle ete måtte vi kjøpe drikke for å få internett tilgang og om vi kjøpte ei øl fekk vi to pizza for en. Sunnmøringar som vi er så slo vi til.

Vi avslutta dagen med en biltur til eit fyrtårn. Veldig fint! Så parkerte vi på ein parkeringsplass og la oss til å sove.

Veronica & Ane

19. august - Blue Mountain - Tamworth

Starta dagen tideleg og hadde planlagt ei rute gjennom Hunter Valley. Der hadde vi høyrt at det var mange kenguruar. Vi fulgte ein highway litt inne i landet og rundt lunsjtider kom vi til ein slags kafé ute i bushen. Dei hadde også dusjar! Der åt vi lunsj og tok ein dusj!

So skjedde dagens høgdepunkt!!!! Vi såg ein levande kenguru! Kuuuult! Til no hadde vi sett godt over 50 døde kenguruar langs vegen, men dette var den første levande.

Etter fleire timar bak rattet stoppa vi i ein liten landsby, Aberdeen. Der kjøpt vi kjøtt i ei lokal kjøttforetning. Så køyrte vi litt vidare, til Scone. Og på parkeringsplassen bak ein golfklubb parkerte vi og laga taco på gassplata vår. Nam!

Vi avslutta dagen i Tamsworth. Ein meget øde by, utan internett. Vi parkerte på ein stor parkeringsplass og la oss til å sove.

Veronica & Ane

18. august - Sydney til Blue Mountains

 
Vi stod opp tidleg for å ha god tid til bussen som skulle ta oss til bilutleigefirmaet. Vår gode venn Ai-Ling fulgte etter oss overalt og ville ikkje gå frå oss før skulle forlate hotellet. Ho var veldig søt og ville gjerne ha bilete i lag med oss, og etter all trening vi har som superstjerner for asiatarar var ikkje det noko problem.

Før vi reiste fann vi nokre adresser på nettet slik at vi hadde ei viss peiling på kvar vi skulle.

På bussen sa vi berre kor vi skulle av, så ordna bussjåføren resten for oss! Like hyggelig han som alle andre australiarar vi har møtt så langt. Vel framme ved utleigeplassen fekk vi ein gjennomgang av bilen og la i veg mot Blue Mountains.

Det tok litt tid å bli vandt til å ha rattet på høgre side og ligge til venstre på vegen. Men det gjekk heldigvis bra! Veronica var kartleser og GPS-sjef, medan eg (Ane) var sjåfør.

Etter mange timar bak rattet og mykje feilkjøring kom vi omsider til Wentworth Falls. Dette er ein foss med fin utsikt rundt. Det var vegar og trapper i alle retningar, men vi fann til slutt ein plass å gå. Vi møtte på tre australiarar som anbefalte oss å reise til "Three sisters" i Katoomba og sjå på solnedgangen der. "Three sisters" er tre små fjell på rad. Veronica hadde sett det på bilete, men huska ikkje kva det heitte.

Vi kasta oss rundt og satte kursen mot Katoomba. Her rakk vi solnedgangen. Vakkert! Vi bestemte oss for å overnatte her og etter middag la vi oss i camperbilen vår og trudde vi skulle få sove.
   Etter nokre timar bles det så mykje at Veronica ikkje fekk søve og eg var redd for at bilen skulle velte. Så då satt eg meg ved rattet og køyrte inn i ei gate i eit byggefelt. Her tilbrakte vi resten av natta.

Veronica & Ane

17. august - Sydney

  
Etter frukost gjekk vi for å leige bil. Vi leigde ein slags "touran", med to seter og moglegheit for sengeplass i bagasjerommet. Ein kunne og lage mat på ei gassplate.

Deretter gjekk vi på oppdagelsestur i Surry Hills. Her var det mange små kaféar og diverse kunstutstillingar. Veldig koselig og fint. Vi rusla rundt og såg på alt mulig.

Vi fulgte Darlinghurst Road oppover mot King‘s Cross. For dei som har lest Jo Nesbø si første bok om Harry Hole, "Flaggermusmannen", så har du kanskje høyrt om det.

Tilbake på hotellet kom vi i snakk med ei ny jente på rommet: Ai-Ling (uttalast nesten som Eirin) frå Taiwan. Ei meget hyggelig jente.

I morgon startar campingeventyret vårt, så det blir tidleg kveld!

Veronica & Ane

16. August del 2

Her er vi oppe i Sydney Tower. Det er på toppen av eit Westfield-senter. Einaste som var synd var at vi ikkje såg operahuset.. dei har bygd høge bygningar framom. Dårleg planlegging..:p