Søk i denne bloggen

onsdag 18. juni 2014

13.juni - 3. Dag og lengste dag av Inka-trailen (del 2)

13.juni - 3. Dag og lengste dag av Inka-trailen (del 1)

Fredag 13. juni - dag 3 Incatrail

I dag fekk vi sove litt lenger, heilt til kl 06:00. Då blei vi igjen vekka med koka-te. Deretter pakka vi saman, åt frukost (pannekake med banan og sjokoladesaus) og byrja å gå.

Det starta ganske tungt, med mange oppoverbakkar. Vi hadde ein fellesstopp etter omlag 20 min. Då stoppa vi på ein inkaruin som hadde vore ein slags utkikkspost for dei som sprang med brev og beskjedar.

Vidare gjekk vi opp på 3900 moh, før det igjen bar nedover til ein ny ruin. Der var det valfritt å gå opp for å sjå. Sidan det ikkje er så ofte ein er i Andesfjella så gjekk vi sjølvsagt opp for å sjå. Vakkert og imponerande!

Neste etappe gjekk litt opp i fjellet igjen, før vi fulgte ein veg rundt fjellet. Flotte fjell og dalar på alle kantar, nesten som i Noreg. På enden av vegen hadde portarane satt opp teltet og var klare med lunsj ganske raskt etter ankomst. Deilig! Det blei då altså lunsj på toppen av eit fjell. Til lunsj fekk vi ceviche, spaghetti og kyllinglår med pasjonsfruktsaus.

Etter lunsjen så gjekk det for det meste i nedoverbakkar. Vi hadde ein fellesstopp på nokre ruinar som vart kalla for "Byen over skyene". Der var det ingen incaterasser og det var tydeleg at det hadde budd adelege eller noko liknande i følge guiden.

Vi fekk gå i eige tempo ned til leiren. Det skulle ta omlag 2t og 40 min. Stiane og trappene var veldig bratte nokre stadar, og vi tok det roleg nedover. Portarane sprang forbi oss! Det gjor forsåvidt guidane og, dei skulle rekke fotballkampen Nederland-Spania som nokon tydelegvis fekk inn på satelitt-tv eller noko.

Vi gjekk ein liten omveg for å sjå på nokre store incaterasser. Derfrå fekk vi utsikt over Urubamba River (trur den heiter det). Virkelig Geiranger utsikt (kanskje til og med betre).

Nede på campen hadde det berre komt to stk før oss, så vi venta ei stund på at resten skulle kome. Deretter var det ny "happy hour" med popcorn og kakao før middag.

Til middag fekk vi suppe, potetmos, kjøtt, steikt ris og ein slags varm appelsingelé. Etter middag hadde vi ein liten seremoni der vi tipsa og takka portarane og kokken.

Sidan vi skulle opp 03:30 dagen derpå, la vi oss rett etter på.

Veronica & Ane

12.juni - 2.dag av Inka-trail

Torsdag 12. juni - dag 2 Incatrail

I dag blei vi vekt 05:30 av "roomservice". Portarane kom med koka-te til oss i teltet. Koka er en slags urteplante som incaane brukte som medisin og lignande. Det skal hjelpe mot hovudverk for eksempel. Dersom ein et mykje av det blir ein nummen på leppene. Det er visst brukt i bedøvelsesmiddelet til tannlegar, men det veit ikkje eg om stemmer.

Når teen var drukken opp og vi hadde pakka saman var det frokost. Etter frokosten så presenterte portarane seg for oss. Han eine var 61 år gamal! Og dei sprang med 20-25 kg sekkar/posar på ryggen, medan vi pesa oss bortover med kanskje 5kg...

Dette er den hardaste dagen. Vi skal gå totalt 8 km. Først 6 km og 1200 høgdemeter opp, så 2 km og rundt 800 høgdemeter ned igjen. Det skulle ta ca. 7 timar.

Pusten blei berre tyngre og tyngre til høgare opp vi kom. Ikkje fordi vi gjekk raskt eller var spesielt andpustne, men fordi vi sleit med høgda. 25 meter frå toppen fekk Veronic a astmaanfall. Heldigvis var guidane våre, Vincent og Frank, like ved. Etter at Veronica fekk roa seg ned, prøvde vi å gå litt til, men ho kjente at det kom igjen. Då drog Vincent fram oksygenflaska si og spurte om ho ville ha litt. Ho fekk puste inn nokre drag og etter det gjekk ho opp åleine. Vakker utsikt og 4200 moh. Eg, Ane, blei også litt høgdesjuk. Småkvalm og svimmel, men det gjekk greit. Som sagt så skulle turen ta ca 7 timar, men vi brukte berre 5t og 45min.

Vel nede i campen åt vi lunsj: dumplings, kylling og koskosog te. Så slappa vi av før det var "happy hour". Då serverte kokken popcorn og kakao! Nam. Etter det var det middag: suppe, kylling og ris. Tilfeldigvis så hadde ei av jentene frå Australia bursdag denne dagen og i den forbindelse hadde kokken baka i kake!!! Kaka hadde hsn steikt over åpne flammar, 30min på ei side og 30 min på andre sida. Imponerande!

Etter middag så la vi oss igjen. I morgon er den lengste dagen med gåing. Vi skal gå omlag 16 km.

Veronica & Ane

11.juni - 1.dag av Inka-trail

11. juni - dag 1 Incatrail


Dagen starta tideleg klokka 05:00. Vi skulle vere klare til avreise 06:00. Veronica var dårlig når ho vakna og spydde nokre gongar før vi gjekk frå rommet. Ho sleit veldig under første del av bilturen. Det var derfor ei glede når vi stoppa for å fylle bensin. Då fekk Veronica springe på do og spydd meir.                                


Første stopp var etter 1t og 45 min. Der åt vi frokost. Etter det kjørte vi i ca 40 min til, det var siste stopp. Her starta det 43 km lange eventyret i Andesfjella.


Sekkane våre var ikkje så veldig store, så plass til noko meir enn kle og vatn var ikkje det. Vi hadde leigd soveposar, liggeunderlag og gåstavar frå hostellet vi budde på i Cusco. Heldigvis hadde vi "portarar" eller berarar om du vil. Dei bar telta våre, mat, kjøkken, stolar, bord, propangass osv. I tillegg bar dei soveposane og liggeunderlaga våre (og andre sine).


Det første vi gjorde før vi begynte å gå var å få stempel i passet vårt! Viktig, viktig!


Etter omlag to timar gåing, med nokre pauser, var det tid for lunsj. Tre-retters lunsj! Guacamole med noko liknande potetgull, suppe og fisk med poteter. Veldig godt!


Vidare gjekk vi eit par timar til før vi var framme i campen. Vi kom til ferdig oppsatte telt, og porterane dreiv allerede og forberedte middagen. Tre-retters igjen! Suppe, biff og poteter og flambert banan i rom. Dette er ikkje ein slanketur for å seie det slik!


Ellers så går det greit å gå. Ein blir ganske tungpusta på grunn av høgda, men vi greier oss greit foreløpig.


Vi er forresten ei gruppe på 12 stk. To frå Australia, to frå Sverige, ei frå Japan og fem frå England. 


Sidan vi skal stå opp 05:30 imorgon, så legg vi oss tideleg. I seng før 20:00 ;)


Veronica & Ane

tirsdag 17. juni 2014

10.juni - Sacred Valley

Sidan vi la oss så tidleg i går, våkna vi tidleg i dag. Vi gjekk for å ete frukost, men den var skuffane. Noko loffgreier med smør på.

Kl.08.30 skulle vi møte for tur til Sacred Valley. Etter litt fram og tilbake om voucheren vår, kom vi oss på en buss. Guiden vår heitte Irma, men ho snakka dessverre dårleg engelsk. Så det var veldig vanskeleg å få med seg det ho fortalde.

Vi såg mange ruiner frå Inkabyer og Inkaterassar på vegen. Inkaene lagde terassane for å plante grønsaker. Dei forskjellige terassane hadde forskjellige temperaturar, slik at dei dyrka grønsakene i forhold til dette.

Fakta om Inkaene:

Inkaene trur på naturen og jorda, og sola blir sett på som ein guddom.

Dei brukte også å ofre barn og dyr frå dei adelege familiane til gudane.

Lama og alpakka er vanlege dyr her. Før blei dei brukt til pakkesel, men alpakkaen har veldig bra ull som dei lagar klede av.

Tala 2, 3 og 4 er viktige for inkaene. 2 står for mann/kvinne, ying/yang osv. Talet 3 står for kondor, puma og slange. 4 står for ild/vatn/jord/luft osv.

Så tok vi taxi tilbake til Cusco for å rekke eit møte om Inca-trailen til Machu Picchu som byrjar i morgon.

mandag 9. juni 2014

9. juni - Cuzco, Peru

Vi landa i dag i Cuzco kl.1400. Der blei vi henta av ein sjåfør som køyrde oss til hostellet vårt.

Vi gjekk ein tur i byen, og vi har fått eit veldig godt inntrykk av byen. Sidan vi på førehand var litt nervøse for vi har høyrt det er ein av dei byane med mest kriminalitet. Det er ein veldig fin by som ligg ca. 3400 moh!!

Her er litt fakta om Cuzco henta frå wikipedia.no:

Cuzco, offisielt Cusco, er en by i Huatanay-dalen i Andes i det sørøstlige Peru. Byen ligger om lag 3400 moh. og har rundt 300 000 innbyggere. Navnet Cuzco (quechua Qosqo) betyr navle.Cuzco var hovedstaden og det kulturelle og religiøse sentrum i inkariket. Soltempelet Qurikancha var byggverket med størst politisk og religiøs verdi. Ifølge sagn var tempelet møtepunktet for de fire områdene av Tawantinsuyu.Mange tror at byen ble formet med et omriss av en puma, der forsvarsverketSaqsaywaman utgjorde hodet. Etter inkarikets fall i 1533, da den spanske conquistadoren Francisco Pizarro erobret Cuzco, fulgte en rask ombygging av byen. De gamle palassene og tempelet ble rasert, og kirker ble bygd. Flere bygg fra kolonitiden er tuftet på gamle bygg fra inkatiden, for eksempel ble kirken og klosteret Santo Domingo bygd på det gamle soltemplet Coricancha. Det er også fraktet steinblokker ned fra Sacsahuaman til gjenbruk i kirker.Cuzco har i dag mye turisme på grunn av alle som kommer for å besøke Sør-Amerikas mest besøkte turistmål Machu Picchu. Sammen med Machu Picchu var Cuzco det første peruanske kulturminnet som ble satt på UNESCOsverdensarvliste allerede i 1983.



(Vi har forresten for dårleg nett til å legge ut bilete)
9. juni - Lima, Peru

Vi ankom Lima i går ca kl. 20:00 lokal tid. Det vil seie ca kl 03:00 i Noreg. Då flaug vi først  frå Oslo 0635 og turen tok 2,5 time. Vi venta i Paris i 4 timar før det var det den lange flyturen på 13 timar og 15 minutt. Det er lenge det.

I Lima tok vi ein taxi til hotellet og fekk sjekka inn. Svoltne som vi var etter flyturen (med lite matservering), gjekk vi ut for å finne oss mat. Rett over gata var det ein pizzarestaurant med namnet "Papa John's". Vi gjekk dit og kjøpte oss ein pizza som vi tok med på hotellrommet.

Alle snakkar spansk til oss, og svært få er gode i engelsk. Men med godt kroppsspråk og nokre få spanske gloser har vi greid oss bra så langt.

Om ein time går turen vidare til Cuzco. Der har vi to netter på eit hostel før vi skal gå til Macchu Picchu.

Veronica & Ane


søndag 4. mai 2014

5 veker til avreise!!! Denne gongen til Peru og Cuba



I dag er det akkurat 5 veker til avreise frå Oslo.


I desember, berre 3 månadar etter vi avslutta vår forrige tur, bestilte vi denne turen til Peru og Cuba.
Men denne gongen er det berre 3 veker på tur.

Forrige tur var til AFRIKA, ASIA og OSEANIA.
Denne turen blir det SØRAMERIKA og MELLOMAMERIKA.
Nordamerika har eg (Veronica) vore, så Ane får reise dit ein annan gong ;)


(bilete lånt frå reseledaren.nu)

8.juni reiser vi Oslo-Paris, Paris-Lima.
1 overnatting i Lima, hovudstaden i Peru.
9.juni flyg vi Lima-Cuzco
9.-14.juni overnattar vi i Cuzco og Inka trailen til Machu Picchu (høgdepunkt!!!)
15.juni flyg vi Cuzco-Lima
1 overnatting i Lima
16.juni flyg vi Lima-Havana(CUBA, endå eit høgdepunkt ;)
16.-18.juni overnattar vi i Havana.
18.-28.juni blir vi i Cuba ein plass :) Ingenting planlagt :)
28.-29.juni : Havana-Paris
29.juni : Paris, Oslo :)


Postar kanskje meir info om kva vi skal gjere på seinare :)