Søk i denne bloggen

fredag 27. juni 2014

23.juni

Mandag 23. juni

Før vi la oss i går avtalte eg ein tur til nasjonalparken med Omar. Eg greidde å bestille nesten alt på spansk. Veronica er allergisk for hestar (caballo), så vi måtte ha taxi.

Klokka 10 stod taxien utanfor og vi satte oss inn uten å heilt vite kva vi skulle. Første stopp var ein utkikksplass. Vi såg mot Trinidad og kysten. Fint.

Neste stopp var ein sti mot eit fossefall. Taxisjåføren sa "tres horas, no problemo", og vi tenkte: 3 timar??? Kva er dette?

Vi la i veg innover stien i slippersa og sandalar. Vi hadde ikkje tatt på oss ordentlege sko då vi ikkje visste at vi skulle på fjelltur. Etter ein lang gå tur kom vi fram til fossen.. rennande vatn er ein betre beskrivelse. Men eg tok meg ein dukkert i det kjølige vatnet! Kjempedeilig! Veronica droppa badinga og tok heller bilete.

På veg tilbake kjente Veronica at astmaen var på veg, sidan ho ikkje hadde fått den maten ho treng. Vi gjekk roleg og plutseleg gispar Veronica. Det for ein laaang slange over vegen! Ikkje kult.

Heldigvis var det ei lita hytte halvvegs der ein mann selde drikke og energibar. Der fekk ho i seg litt føde så vi kom oss tilbake til taxien.

Tilbake i casaen dusja vi og slappa litt av på rommet. Klokka 17:00 skulle vi møte Laila. Eg skulle få ein manikyr og så hadde ho smykker, dukar, skjerf, vesker osv. som ho selde. Ho snakka i eit sett, og berre på spansk. Vi skjønar litt, latar som vi skjønar litt og spør når vi slepp til. Ho snakka om alt mogleg!

  I dag skulle vi ete middag på restauranten der døtrene til Omar jobbar. Vi bestilte mat og drikke før vi fann ut at ingen hadde med seg lommebok.

Vi måtte litt flaue forklare på spansk at pengane låg igjen i huset. Vi fekk henta pengane raskt og tilbake på restauranten var vi klare for mat. Vi hadde begge bestilt grilla fisk og pommes frites.

Først fekk vi servert brød og smør, så grønnsaker, så grønnsakssuppe, så hovedretten. Fisken smakte nydeleg av sitron og var veldig god! Etter det tenkte vi at vi var ferdige, men neida. Då kom servitøren med dessert! Litt is og frukt. Nam!

Veronica & Ane

22.juni

Søndag 22. juni

Etter frokost hadde vi to timar salsakurs. No begynner vi å få teken på det! Salsalæraren er forresten ei driftig dame! Ho er ganske streng, men flink å lære frå seg. Undervisninga skjer i stova hennar, som er omgjort til dansegolv for anledninga. Artig!

I dag viste ho og mannen hennar litt korleis dei dansar, og det såg veldig bra ut! I går dansa dattera og venninna (på 8 år) litt for oss. Guri for nokon bevegelsar! Trur våre foreldra hadde reagert dersom vi bevega oss slik så unge, hehe. Men slik er kulturen her.

I dag åt vi ein slags fiskepaella til lunsj. Veldig god, men alt for mykje mat. Seinare på dagen var vi ute og utforska litt igjen. Vi enda opp på casa de la musica igjen. Vi blei setande der ei lita stund før vi gjekk tilbake til middag.

Veronica & Ane

21.juni

Laurdag 21. juni

I dag var planen å reise på stranda. Det gjor vi, og solbrente vart vi. Veldig solbrente.

Ellers hadde vi to timar salsakurs der vi lærte nokre nye turar og steg.

Til middag hadde vi spaghetti med skinke og ost. Resten av kvelden tilbrakte vi på rommet med våre raude og såre kroppar...

Veronica & Ane

20.juni - Byvandring og salsakurs

Fredag 20. juni

Veronica har vore dårleg i natt igjen. Vi trur det er egg som gjer det. Sidan ho var dårleg og hadde sove lite så gjekk vi på rommet litt før vi skulle reise til stranda. Plutseleg banka det på døra, det var vaskedama, Laila. Ho prata i vei på spansk. Så såg ho at Veronica låg på senga med vondt i magen.

Då prata ho endå meir og fekk Veronica til å reise seg. Så tok ho ein handduk og ba Veronica halde det eine hjørnet mot magen. Ho tok det andre hjørnet og byrja å dra å styre for å få sjukdommen ut av kroppen til Veronica. Rart!

Vi reiste til stranda etter på, men etter berre ein time byrja det å tordne. Sjøl om ein gamal cubansk mann sa at det var "no problemo" og heilt vanleg, så reiste vi tilbake.

Tilbake i byen åt vi ein dårleg lunsj med hår i pizzaen. Så gjekk vi for å dusje i casaen før vi gjekk ut for å bli kjent i byen. Vi gjekk til sentrum historico, dette var meir turistprega enn gata vi budde i. Casa de la musica var neste stopp. Her var det levande musikk. Vi bestilte kvar sin mojito og nytte livet.

På veg tilbake til casaen stoppa ei dame og spurte om ho kunne få t-skjorta mi. Skal eg vrenge den av meg her og no då, tenkte eg. Dessutan var ho litt større enn meg. Eg tilbydde ho heller å bli med til casaen for å få eit par sko eg likevel hadde tenkt å sette igjen. Ho blei med og fekk skoa.

Til middag i dag åt vi kylling og ris. Så fekk vi tilbod om salsatimar. Vi avtalte første time etter middag. Til saman blei vi einige om 5 timar, sjølv om ho anbefalte 6. I dag lærte vi grunntrinna og ein sving. I morgon og søndag skal vi lære meir.

Etter salsatimen måtte vi dusje igjen. Så gjekk vi til casa de la musica. Der møtte vi skotten frå bussen, to frå Nederland og eit norskt par som vi kom i prat med. Vi høyrde på musikk og etter ei "forestilling" var det slik at alle kunne danse. Eg prøvde meg to gongar, men salsa er litt vanskeleg enda.

Ein av gutane som ba meg opp var veldig påtrengande. Til slutt så sa eg på ein høfleg måte at eg ikkje var interessert og hadde ein kjærast i Noreg. Då sa han: "boyfriend in Noruega? No problemo, i love you".

Vi, det norske paret og dei tre andre tok turen opp til eit diskotek inne i ei grotte. Utruleg kult! Hadde dessverre ikkje med oss kamera dit, så blei ingen bilete der i frå.

Veronica & Ane

19.juni - La Playa Ancon

Torsdag 19. juni

Veronica har vore dårlig i natt, og spydd. Vi skjønar ikkje heilt kva det er, men trur det må vere noko mat.

I dag skulle vi på stranda. Vi visste ikkje heilt kor busstoppen var og alle taxisjåførane prøvde å seie at bussen ikkje gjekk og at vi måtte ta taxi i staden. Men vi lot oss ikkje lure. Dessverre stod vi på feil plass og blei vitne til at bussen køyrde frå oss.

Sidan vi ikkje rakk bussen så gjekk vi for å ta ut litt meir pengar. Sjølvsagt var minibanken ute av drift i dag... bra start på dagen!

Klokka 11:00 rakk vi bussen og kom oss til stranda, "la playa Ancón". Der sola vi oss. Når eg skulle kjøle meg litt ned i sjøen hjalp ikkje det så veldig. Varmt vatn!

Tilbake i byen stoppa bussen ein annan plass enn vi gjekk på. Vi rota litt før vi fann vegen, og rett før vi kom til casaen byrja det å høljregne! Det fossa ned og vi var gjennomvåte før vi kom oss inn. Det lyna og tordna og.

Etter ein dusj (som var kaldare enn regnet), åt vi middag. Hummer og ris. Nydeleg godt!!

Veronica & Ane

18.juni - Trinidad

Onsdag 18. juni - Trinidad

Etter frukost tok vi taxi til busstasjonen der vi skulle ta buss til Trinidad. Bussturen skulle ta ca 5t, + 40 min lunsjpause. Vi møtte ein gut frå Skottland som skulle same vegen. Han skulle først til Cienfuego som er ein annan by ca 1 time frå Trinidad.

Bussturen gjekk greit og framme i Trinidad stod Omar (som eigde casaen) og venta på oss. Han hadde skilt med navna våre på og ba oss sette oss på ein sykkeltaxi han hadde stoppa.

Casaen var like nede i gata og rommet var stort, reint og fint. Deilig! Vi satt oss utanfor rommet og venta på middag.

Familien bestod av Lady og Omar og to døtre. I tillegg budde både mora til Omar og Lady der. Veldig hjelpsomme og imøtekomande alle saman. Einaste utfordringa var at dei snakka lite engelsk.

Til middag fekk vi ein fersk vannmelonjuice, reker og ris med bønner. I tillegg var det grønnsaker og banan. Etter middag gjekk vi ut og såg oss rundt.

Veronica & Ane

16.juni - Lima - Havana

Mandag 16. juni - Lima - Havana

Avreise til flyplassen var kl 0530, så vi var tidleg oppe. På flyplassen åt vi frokost og kl 0850 fekk vi gått inn på flyet. Turen tok ca 5,5 timar.

Cuba ligg 6 timar bak Noreg. Dei fleste snakkar spansk til oss her og, men mange fleire er heilt greie i engelsk - heldigvis for oss! Vel framme blei vi henta og køyrt til hotellet vi skal bo på dei to første nettene. Det er gamle, kule bilar over alt! Her ville Seaside Custom gjengen likt seg ;)

Vi rakk ikkje så mykje meir enn å ete middag og sjå på eit danseshow på kvelden før vi la oss.

Veronica & Ane

17.juni - Guida tur i Havana

Tirsdag 17. juni - guida tur i Havana

Inkludert i bestillinga vår hadde vi idag ein guida tur i Havana sentrum. Vi trudde vi skulle møte i hotell-lobbyen på vårt hotell, men den gang ei... vi skulle sjølvsagt møte på eit hotell i byen. Dermed blei vi alt for seint ute. Heldigvis var det berre oss to som skulle vere med, og guiden kunne heldigvis vente på oss.

Guiden, Alejandro, tok oss med til dei viktigaste plassane i Havana. Han viste oss kor vi kunne kjøpe dei beste drinkane, kaffien, sjokoladen og maten. I tillegg kor vi ikkje burde gå. Han fortalte og ein del historie og om kulturen til cubanarane.

Det er for eksempel heilt vanlig å gi slengkyss til vilt fremmede, plystre på jenter, gi fine komplimenter osv. Intimsone har dei ikkje høyrt om og klemming og at folk tar på deg er heilt normalt. Det med kompliment og slengkyss kan vi like, men det andre kan bli meir interessant.

Alejandro snakka faktisk en god del norsk, sjølv om han aldri har vore utanfo Cuba før. Han har tatt tyskkurs, og synes norsk og tysk er likt. I tillegg var han veldig god i engelsk. Han fortalde at ein av grunnane til at han ville lære seg litt norsk var at han ville kunne hjelpe nordmenn dersom dei måtte prute på ting. Det er forresten heilt greit å prute her, du kan prute til du skjønar at seljaren ikkje kjem til å gå lenger ned.

Før Alejandro forlot oss så skreiv han ned nokre adresser til casa‘er der han kjende eigaren. Han gav oss også nr sitt og sa at om vi sendte mld når vi reiste, så skulle han ordne at nokon møtte oss der vi kom. Casa betyr hus på spansk og det er den billegaste måten å bo på på Cuba. Du bur heime hos folk, dei lagar mat til deg osv.

I morgon er planen å reise til Trinidad. Ein gammal by på Cuba. Her skal vi bo i casa! Planen er å bli der ei god stund.


Veronica & Ane