Søk i denne bloggen

mandag 22. juli 2013

21.juli, del 2

Dag 2 i Thailand, del 2

Tilbake på hotellet ordna vi oss og tok turen til State Tower, der filmen Hangover 2 blei spelt inn. Der åt oss middag og fekk sjå utover heile byen! Vakkert!

Servicen var veldig bra og maten var god. Utsikta var trollbindande! Anbefalar og ta turen opp i 64 etasje om så berre for å sjå utsikta! :)

Veronica  & Ane

21.juli, del 1, Madame Tussaud

Dag 2 i Thailand, del 1

Planen i dag var eigentleg å kjøpe ei bukse til Veronica for deretter å ta taxi til Tigertempelet i Kanchanaburi som ligg mellom 2,5-3 timar utanfor Bangkok. Det endte med at vi berre shoppa for klokka blei så mykje!

Vi bur forresten på New Road Guest House, som er veldig greit. Først var vi på eit senter ganske nære der vi bur. Vi åt lunsj på hotellet og så tok vi taxi til eit anna senter litt lengre vekke.

Dette senteret heitte Siamsenteret. Her shoppa vi litt før vi oppdaga at dei hadde Madame Tussaud! Dit måtte vi sjølvsagt inn. Vi tok masse bilete før vi bestemte oss for å reise tilbake til hotellet.

Vi skulle ta ein taxi tilbake, men det var vanskeleg å få stoppa ein. Heldigvis var det ei dame som kom å hjalp oss. Ho forklarte også taxisjåføren kor vi budde.

20. Juli, 1.dag i Thailand

Dag 1 i Thailand

Flyet landa i Bangkok ca kl 08:00 lokal tid (+5 timar frå Noreg og +4 timar frå Kenya). Vi blei henta på flyplassen og kjaurt direkte til hotellet. Dessverre fekk vi ikkje sjekka inn før kl 12:00, men då brukte vi tida og internettet på å blogge alt det vi ikkje fekk til i Afrika.

Klokka 12:00 fekk vi sjekke inn og da tok vi oss ein dusj og slappa litt av.

Neste på planen var å gå litt i byen og bli kjent. I tillegg måtte vi ha oss mat. Vi fann oss ein koseleg restaurant og bestilte nudla med scampi. Sterkt, men godt!

Etter det fann vi ein frisørsalong og tok ein time fotmasasje. Deilig :)

Vi fekk litt informasjon om Bangkok på hotellet. Det første og kanskje viktigaste, IKKJE bruk rosa minibankar, dei et kortet ditt. I tillegg skal du ikkje ha føtene på bord eller stolar då det er uhøffeleg sidan folk går barbeint eller med flipflops ofte. Kongen i Thailand er veldig sjuk og døyr truleg snart, difor skal du ikkje snakke om han då det er eit sårt tema.

Ein skal heller ikkje slå kvarandre i hovudet, gå i bikini eller kysse/kline offentleg. Med andre ord, ganske lett for vår del.

Om ein thai tek kontakt med deg er det som oftast noko gale. Likeeins om ein thai er veldig god i engelsk og prøver å prate til deg på gata. Desse vil berre at du skal ta ein billeg tuk-tuk (på ein måte ei sykkeldrosje) som stoppar ved alle småsjapper i heile byen. Dette bruker opp tida og dagen din.

Desse folka møtte vi på stortsett alle gatehjørner, men vi har ikkje blitt lurt enda ;)

Det er visst ei myte at ein ikkje kan ete mat på gata i Thailand. Ein må likevel vere forsiktig. Kjøp ikkje mat som har vore i sola lenge, eller du ser er dårleg. Mat som blir laga slik at du ser på er heilt ok.

Vi avslutta dagen tidleg for å havne på rett kjøl søvnmessig.

Veronica & Ane

19.juli, siste dag i Kenya

Siste dag i Kenya


Hoppar over 18.juli då det berre var køyring og ein middag. Kan seie at dusjen på hotellet i 
Nairobi var fantastisk.. Varmevatn, trykk, ingen dyr, ingen himmel rett over, og eit reint flisgolv å stige på.

Vi har forresten lært litt Swahili:

Jambo! Tuko salama. Safari ya Kenya ilikuwa ya ajabu. Sasa twaelekoa Thailand. Twende, sawa sawa?

Som betyr:
Hei! Vi har det fint. Safarien i Kenya var veldig bra. Neste stopp Thailand. Let's go! okey?

I tillegg har vi lært litt andre ord og uttrykk:
Jambo = hallo / korleis har du det?
Asante sana = tusen takk
Kwahiri = ha det
Sawa = okey
Pole = unnskyld
Pole pole = ta det rolig
Hakuna matata = ingen bekymringer
Rafiki = venn
Twende = la oss reise
Kwenda = frekk måte å seie "gå vekk" på
Siste dag i Kenya starta med frokost på hotellet. Så tok vi taxi direkte til flyplassen saman med Tim og Line. Der skulle vi sjekke inn på forskjellige plassar, så da skiltes vi der.

Eg og Veronica gjekk til innsjekkingsskranken. Der skulle dei sjå vaksinekortet vårt. For å komme inn i til dømes Malaysia og Australia må du ha vaksine mot gulfeber dersom du har vore i eit land der du kan bli smitta. Kenya er eit slikt land.

Av ein eller annan merkeleg grunn hadde ikkje Veronica fått gulfebervaksina. Dette gjorde at dei ikkje kunne sende oss vidare. Litt panisk spurte vi kva vi skulle gjere. Innsjekkingsdama fortalte då at det var ein klinikk på flyplassen som sikkert kunne hjelpe oss.

Vi kasta på oss sekkane og skunda oss i retninga ho peika. Der fann vi klinikken og spurte etter gulfebervaksine. Det var heldigvis ingen problem. For 1500 kenyanske shilling fekk Veronica vaksina si, og vi var glade for at alt ordna seg.

Tilbake i innsjekkinga gjekk alt fint denne gongen. Vi fekk sete i lag og ombord i flyet trudde vi at alt styret skulle vere over for i dag.

Etter ei lita stund fekk Veronica låkt i hovudet. Ho hadde også feber. Vi spurte ein flyvert om ho kunne få ein paracet. Han spurte då om alle mulige medisinar ho gjekk på og kva sjukdommar ho hadde før han kom med kalde klutar. Han sa så at han straks skulle komme tilbake. Like etter høyrer vi over heile flyet "is it a doctor on the plane, pleace contact the cabincrew".
Veronica sank djupt ned i setet og håpa på at ingen skulle sjå at det var ho som var pasienten. Det var heldigvis ei litt eldre spansk dame som var doktor, det einaste problemet var at ho var litt dårleg i engelsk. Men det gjekk heldigvis bra det og. Dei tok Veronica med bak i flyet og tok puls, blodtrykk, pust osv før ho fekk to paracettar. Men sa at ho måtte ha antibiotika, så eg måtte til doktoren i Doha.

På tull sa eg til Veronica: dei ventar sikkert med rullestol når vi kjem fram til Doha! Og trur ikkje du at når vi landa, jo, der stod dei klar med rullestol. Det droppa vi.

I Doha der vi mellomlanda var det over 40 grader og veldig varmt. Vi blei fulgt inn til ein doktor på flyplassen. Han prata heller ikkje engelsk, men dei sjekka feberen til Veronica og den hadde heldigvis gått ned. Videre blei vi fulgt til ein lounge for gamle og sjuke. Det var så vidt vi fekk gå derifrå for å ete. Etter vi hadde ete tenkte vi å sjå litt i butikkar før vi gjekk tilbake. Då blei vi henta tilbake.

Resten av reisa gjekk bra, og etter 20 timers reising er vi endeleg i Bangkok, Thailand!

Veronica & Ane




Dei 3 bileta nedom her er frå den siste campen
som var luksus i forhold til dei andre vi var på. så det var deilig å komme deg på hotell.


Dei andre bileta er av oss, guiden 
Masivu og sjåføren 
Joel.

17.juli

Dag 6 i Kenya

Dagen starta som vanleg med frukost kl 0600. Utenom det blei det ingen vanleg dag.

Vi hadde avreise kl 0700, men trucken hadde eit punktert dekk og vi blei dermed 20 min forsinka. Det var forsåvidt greitt nok.

Så køyrde vi rundt i time etter time på leit etter løver. Vi såg sjølvsagt andre dyr på vegen, men etter ei veke i Afrika er det ikkje like spennande å sjå sebraer og antiloper - utruleg nok. Til slutt såg vi to døde gnuar som låg på ei slette. Den observante trucksjåføren, Joel, såg då ei løve i strågraset og viste den til oss.

Løva låg og observerte ein stor flokk av sebraer og gnuar. I ei busk ved sidan av løva låg der ei anna løve og ein løveunge. Kult!

Etter litt så køyrde vi vidare og ca. kl.1400 ankom vi ein plass der vi kunne gå tur og sjå flodhestar og krokodiller. Her skulle vi og ete lunsj. Det var veldig varmt der og på veg tilbake frå turen fekk Veronica astmaanfall. I tillegg til varmen var det 8 timar sidan forrige måltid og mykje støv i lufta sidan det nesten var ørken ute. Ein kombinasjon av dette gjorde at Veronica fekk astmaannfall.

Tim tok Veronica på ryggen og sprang tilbake til bussen, eg sprang føre for å hente medisinen. Når vi kom til bussen var det invadert av bier der. Eg har fobi for bier, humler og kveps, men prøvde å leike tøff.

Veronica fekk medisinen sin, og blei betre, medan eg prøvde å stå i ro for å unngå stikk. Det eg ikkje fekk med meg var bia som kraup innie i handa mi. Eg greidde å knipe att handa, og då stakk ho. Dermed fekk eg litt panikk og begynte å grine.

Alle sprang rundt og var redde for å bli stukke av biene. Heldigvis fekk vi pakka alt på trucken og reist derifrå. Dessverre var det og ein del bier inne på trucken. Det gjekk heldigvis bra og berre ei til blei stukke.

Vi køyrde så rett tilbake til leiren og åt lunsj der. Då var det 11-12 timar sidan forrige måltid. Veronica var sliten etter astmaanfallet så vi gjekk til teltet vårt og la oss på senga. Da kom Tim med cola og vatn til oss! Tim og Line er to nordmenn vi har blitt kjent med, dei fungerte litt som våre reserveforeldre og passa på oss under heile safarien. Heldigvis for oss ;)

Veronica & Ane


16.juli fortsatt i Masai Mara

Dag 5 i Kenya

Igjen starta oss med nedpakking av leiren og frukost før vi gjekk ned til masaibyen. I masaibyen fekk vi helse på dei som budde der å ta bileteŗ og spørje spørsmål.

I denne familien var det slik vi forstod det en mann, tre koner og 25 barn/ungdommar (nokre av ungane nærma seg 30). Ein mannleg masai skal gifte seg når han er ca 25 år. Kona hans er då ca 15 år gammal. Dei får då også barn.

Masaiane brukar ikkje same kalender som oss, og derfor er dei litt usikre på kor gamal dei er. Konene lagar kvar sine leirhus, som dei bur i saman med ungane. I tillegg fekk vi vite at mennene også deler på konene. Difor er det vanskeleg å vite kven som er far til kvar enkelt unge.

Det bur opp til 14 stk i eit hus, 10 stk i ei seng, og 5 i den andre. Bileta nedom er frå eit hus vi var inni.

Ungane går ikkje på skule, men blir opplært av den eldste i familien. Dette er i endring og fleire av gutane og eit par jenter går no på skule. Men dette synes dei eldste er litt trist, for det øydeleggjer kulturen deira.

I øyrene hadde dei store hol til øyrepynt og dei såg veldig tynne ut. Dei kunne gjerne gå dagar utan mat og søv berre 3-4 timar i døgnet.

Så lasta vi inn på bussen og køyrde til Masai Mara. Der åt vi lunsj før vi køyrde på ein liten safari. Der fekk vi sjå ville elefantar, giraffar, sebra, nasehorn, struts, gnu, bøffel, påfugl og antiloper.

Tilbake i leir fekk vi bu i ferdig oppsette telt med eiget bad!! Lykke! I tillegg var der straum mellom 1900 og 2200. Luksus ;)

Veronica & Ane


(første bilete er på morgonen når vi drar frå campen)

søndag 21. juli 2013

15.juli, Masai Mara

Dag 4 i Kenya

Leiren i Naivashi blei pakka ned og frokosten ete før klokka 0700. Så sette vi kursen for Loita Hills og ein masai-landsby. Bussturen tok ca 4 timar og undervegs stoppa vi for å kjøpe vatn og snacks for dei neste tre dagane.

Når vi kom fram stod det fem masaiar og venta på oss. Dei viste oss til teltplassen, slik at vi fekk sett opp teltet. Det var veldig varmt, så vi fekk nokre timar til å slappe av før vi skulle gå ein tur.

Masaiane fortalde at dei trur på naturen og at dei lagar medisin frå naturen når dei blir sjuke. Vi såg blant anna ei stor aloe vera plante og fekk høyre om nkre kaktusplantar eg ikkje huskar namnet på.

Dei sa at av den eine kaktusen så fekk ein mareritt dersom ein stakk seg på den. Før eg la meg den kvelden (Ane), tok eg ut ein torn frå foten min, og fekk veldig mareritt! Rart.

Vidare fekk vi vite om tradisjonar o.l. Dei et feks berre sau, geit og ku. I tillegg drikk dei mjølk og blod. Ein av tradisjonane deira går også på at dersom eit dyr drep eit menneske, må dei drepe det dyret for å lære det at det ikkje er greit å drepe menneske.

Den eine masaien som følgde oss hadde nokre merker på skuldra han sa at han hadde fått dei etter å ha drept to løver. Den eine løva hadde komt til landsbyen. Da hadde han først slått den med ei slegge,så med spydet sitt og deretter med kniven sin før den døydde.

Etter middag reiste nokre av oss på nattsafari. Det einaste tøffe vi såg der var ein bushbaby (en liten apekatt) og ein afrikansk kenguru. Kenguruen likna på ei blanding av kanin og ekorn. I tillegg såg vi rev og kanin.
Til slutt tok dei oss med til ei varm kjelde. Det var heilt klart vatn, og det kokte! Veldig kult.

Veronica & Ane